Frida Lillesalt Valvik
Nyutdanna med mastergrad i teknologi, menneske og samfunn + bachelorgrad i IT og informasjonssystem frå UiA.
UX/UI & HCI, tenestedesign, digitalisering
Snarast
Kven eg er
Eg er spesielt interessert i samspelet mellom menneske og teknologi, og korleis menneske forstår, brukar og blir påverka av dei digitale systema som omgir oss. Det som trekkjer meg mot fagfelt som Human-Computer Interaction (HCI), brukarinnsikt og brukaroppleving, er ønsket om å forstå ikkje berre kva brukarar gjer, men også kvifor dei handlar som dei gjer, og korleis kontekst og situasjon påverkar vala deira.
Gjennom bachelor- og masterstudiet har eg fått arbeide med desse problemstillingane frå fleire perspektiv, både gjennom praktisk designarbeid tett på brukarar og produkt, og gjennom analytiske og teoretiske tilnærmingar til teknologi si rolle i samfunnet.
No ser eg fram til å ta med meg denne kombinasjonen av teknologiforståing, brukarorientering og samfunnsperspektiv inn i ei rolle innan UX, interaksjonsdesign eller brukarinnsikt, der eg kan bidra til å utvikle løysingar som skaper verdi for både brukarar og verksemder.
Prosjekt
Digitalt samvirke i den norske redningstenesta
I masterprosjektet mitt undersøkte eg digitale løysingar innan krisehandtering, med særleg vekt på kva som fungera som drivarar og hindringar for utvikling og bruk.
EgdeAI-Learn
I bachelorprosjektet utvikla eg, saman med 4 medstudentar, eit AI-verktøy for opplæring og informasjonsinnhenting på vegne av Egde Consulting.
Utdanning og erfaring
Master - Teknologi, menneske og samfunn ved UiA
Gjennom dette studiet fekk eg utforske teknologi frå samfunnsvitskaplege og humanistiske perspektiv, gjennom filosofi, etikk, historie, og forholdet mellom teknologi, kommunikasjon og politikk. Sentralt gjennom studiet sto spørsmålet om kva rolle teknologi spelar, og bør spele, i menneske sine individuelle liv og i ulike yrkes- og samfunnskontekstar.
Relevante tema: samfunnsutvikling, kunstig intelligens, personvern, sosial og økonomisk
berekraft.
Gjennomsnittskarakter:
B
Bachelor - IT og informasjonssystem ved UiA
Dette studiet handlar om korleis teknologi blir utvikla og korleis det påverka liva våre. Gjennom studiet lærte eg å analysere brukarbehov og design, utvikle og programmere informasjonssystem, med innføring i blant anna design og UX, front- og backend, database, og prosjektarbeid.
Relevante tema: digitalisering, brukarbehov og systemutvikling, tverrfagleg samarbeid
med arbeidslivet,
berekraft, kunstig intelligens.
Gjennomsnittskarakter:
B
Y Oslo: Frivillig arbeid
Eg arbeidde under eventet Y Oslo, ein årleg konferanse for digitale produkt og brukaroppleving. Rolla mi var i hovudsak vertskapsoppgåver: eg tok imot og ønska deltakarar velkomne, sørga for tilgjengeleg kaffi i alle etasjar gjennom arrangementet, og bidrog til klargjering av matservering til deltakarane. I tillegg handterte eg søppel og rydding undervegs, og samarbeida tett med både arrangementsteamet og andre frivillige for å halde eventet gåande. Ved sida av dette fekk eg høve til å følge deler av fagprogrammet innan UX og digital brukaroppleving.
Deltidsjobb, butikkmedarbeidar
Kundeservice og problemløysing ved sida av studia.